Idag skal eg snakke litt om ungdomskultur. Når vi seier ungdomskultur meinar vi ein kultur som er skapt av og for unge menneske. Sjølve uttrykket blei lagt i 1950 åra når rock blei veldig populært. Rocken endra jo ungdommens klesmote til skinnjakker og Ola-bukser slik som rockerane.
Mange ungdomsmiljø vert danna av ungdommar som har felles interessar, for eksempel same musikksmak, same type idrett, same politisk ståstad eller speler dei same dataspela. Ein kjenner ofte igjen desse miljøa gjennom måten ungdommane kler seg på, kor dei møtes og kva dei snakkar om.
Dei fleste ungdomsmiljøa vert danna i den perioden kvar ungdom lausriv seg frå foreldra sine og frå dei aktivitetane som dei vanlegvis har gjort saman med foreldra sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar