torsdag 29. oktober 2015

Klassemiljø

Idag skal eg snakke om kva eg meinar er eit bra klassemiljø, og korleis vi kan ha det i klassen.

På skulen er det veldig viktig å trivst får å prestera bra og få gode karakterar. Derfor synest eg at alle skal vere venar og støtte kvarandre når vi er på skulen. Vi må også prøve å unngå mobbing slik at alle elevane har det greit på skulen.

Når det kjem til arbeidet så meinar eg at vi kan ha meir samarbeid slik at alle kan delta sosialt, og ikkje føle seg aleina. Men dette betyr ikkje at vi skal bråke og tøyse,for vi skal alltid vere fokuserte og disiplinerte.

mandag 26. oktober 2015

Krle lekse veke 44

Idag skal eg snakke litt om ungdomskultur. Når vi seier ungdomskultur meinar vi ein kultur som er skapt av og for unge menneske. Sjølve uttrykket blei lagt i 1950 åra når rock blei veldig populært. Rocken endra jo ungdommens klesmote til skinnjakker og Ola-bukser slik som rockerane.

Mange ungdomsmiljø vert danna av ungdommar som har felles interessar, for eksempel same musikksmak, same type idrett, same politisk ståstad eller speler dei same dataspela. Ein kjenner ofte igjen desse miljøa gjennom måten ungdommane kler seg på, kor dei møtes og kva dei snakkar om.

Dei fleste ungdomsmiljøa vert danna i den perioden kvar ungdom lausriv seg frå foreldra sine og frå dei aktivitetane som dei vanlegvis har gjort saman med foreldra sine.

mandag 19. oktober 2015

Lekse om OD Dagen 2015

Nå nærmar OD dagen seg og det blir spennande! OD dagen står for Operasjon Dagsverk og dette er ein dag vi ungdommar ikkje går på skulen, og heller skal jobbe hos nokon ein heil dag. Denne dagen skal dei fleste ungdomsskulane i landet samle inn 300 kroner til ein god sak. Desse 300 kronene skal til Amnesty som skal gje pengane videre til Chile, Argentina og Peru.
Amnesty jobber for menneskerettane til ungdommar, og i desse landa begynner det nesten å bli normalt at jenter i veldig ung alder blir voldtatt og blir mødre i ung alder. Vi ønsker å få en slutt på dette så eg meinar at vi samler inn pengar til eit godt formål.
Eg har ikkje heilt bestemt meg ennå kvar eg skal jobbe, men det finner eg fort ut!

onsdag 14. oktober 2015

Lekse veke 42, menneskerettane

Menneskerettane er rettar som høyrer til eit kvart menneske uansett kjønn, rase, religion eller anna status. Det er viktig å huske på at alle menneske er like viktige og like mykje verdt, og at alle skal få lov til å stemme og meine kva dei vil. Menneske skal ha retten til liv, ytringsfridom, stemmerett, rettstryggleik og religionfriheit. 
Eg syns at desse rettane er naudsynte;)