fredag 6. november 2015

Alkohol

I dette innlegget skal eg snakke litt om alkohol!

Det fins mange alkoholhaldige drikker. Felles for alle dei er at dei inneheld eit stoff som heiter etanol, som gjer rusverknad. Drikker som inneheld meir enn 2,5 volumsprosent alkohol er alkoholhaldig. (Ekeland, Per Roar. Tellus 9)

Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol, kjem alkoholen over i blodet i fosteret og gir fosteret akkurat same promille som mora. (Ekeland, Per Roar. Tellus 9). Dette gjer at fosteret blir skadd av alkoholinntaket til mora, og at ungen kan blant anna få lærevanskar, konsentrasjonsvanskar og ungen kan fungere dårleg sosialt.

Alkohol blei også blant anna brukt før bedøvingsmiddel blei funne opp. Dei brukte altså alkoholen til smertestillende ved operasjonar.

Alkohollova seier at ein må vere 18 år og eldre for å kunne kjøpe øl og vin, men 20 år for å få kjøpt brennevin. Alkohollova §1-1 seier at føremålet med lova er "å begrense i størst mulig utstrekning de samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebære. Som et ledd i dette sikter loven på å begrense forbruket av alkoholholdige drikkevarer." 

Når alkoholen kjem ned i magen og tarmane, blir han straks teken opp i blodet og frakta rundt i kroppen. I levra blir alkoholen broten ned, og nedbrytinga skjer ed jamn fart, og går heller ikkje fortare om ein har drukket mykje. (Ekeland, Per Roar. Tellus 9). Dette vil seie at dess meir alkohol ein har fått i seg, dess lengre tid tar det før den er ute av kroppen og blir edru.

Kilder:
https://helsedirektoratet.no/lover/alkoholloven
https://no.wikipedia.org/wiki/Alkohol
Tellus 9 Naturfagsbok, elevbok. 2007 Forlaget Aschehoug, skreven av Per Roar Ekeland og Odd-Ivar Johansen.


mandag 2. november 2015

Ungdom og mote - lekse veke 45

I dette innlegget vil eg snakket litt om ungdom og mote.

Mange ungdommar er veldig opptekne av korleis venner kler seg, og vill alltid passe inn i forhold til kva slags miljø dei er i. Nye trendar dukkar stadig opp, og både jentene og gutane vill kle seg i noko som er inn på moten. Fleire ungdommar blir også påverka av reklame og førebileter som har ein kul klestil.

Mobiltelefonen er eit anna godt eksempel. Bruken av mobiltelefon har økt veldig mykje dei siste åra og sosiale medier som facebook, snapchat, og instagram blir brukt veldig mykje blant ungdom. Mobilen har egentleg endra måten vi relaterer oss til kvarandre på. Det er meir normalt å sende ei melding til vennene sine å spør kva som skjer idag, isteden for å bare gå å besøke dei med ei gong. Mobilen har altså blitt veldig inn på moten for ungdom.